Poesikonsert, søndag 8. nov kl 19.30


Omne possibile (alt er mulig). 

 

Ein leik i Bachs univers, ein dialog i musikk og lyrikk med organist Kolbein Haga og forfattar Odveig Klyve.

Entre kr100
Billetter kjøpes i døra eller på www.billetto.no (https://billetto.no/e/omne-possibile-alt-er-mulig-billetter-484228)

- - - - - - - -

Poesikonserten ”Omne Possibile” inneheld nyskriven poesi i dialog med Bachs eksistensielle univers, både med tonelinjer, utdrag og med heile orgelverk.

 

Organisten Kolbein Haga og forfattaren Odveig Klyve har førd ein samtale omkring Bachs komposisjonar. For poet så vél som for musikar har dette opna for nye landskap inn i menneskesinnet og i Bachs univers. Me har utvikla eit program med musikk og lyrikk som sét  tone og tale på noko av dette.

Målet vårt har vore å skapa ei framføring som avspeglar korleis me som musikar og poet kan utforska barokkens komposisjonsformer som t.d. permutasjon, imitasjon og fortspinnung, og la dette avspegla seg både som poesi, som dekonstruksjonar og som rekonstruksjonar av Bachs musikk. Me opplever at Bachs univers også kan romma oss som kunstnarar i dag og meiner at me som samtidskunstnarar kan skapa noko inspirert av dette musikalske verdsrommet. Dette ynskjer me å formidla i eit program som involverer orgelverk av Bach saman med nyskriven lyrikk. Ordet og menneskerøysta spelar saman med utdrag og enkeltstemmer frå Bachs tonekunst ei veksling mellom framføring av heile komposisjonar, dekonstruksjonar og dikt.
 

Kolbein Haga har lang røynsle som bach-tolkar både frå liturgisk kontekst og med konsertar i inn- og utland, med fleire bach-CD’ar på originale orgel, slik desse var på meisterens tid, samt frå nybygde, - såkalla periodeinstrument, i Tyskland, Nederland og Norge.
Odveig Klyve har skrive ni diktsamlingar og har lang røynsle med framføring av dikta sine, - ofte i samarbeid med musikarar.

 

Framføringa varer om lag 45 minuttar.

 

* ”OMNE POSSIBILE”

”Alt er muleg” var, ifølgje elevane hans, eit motto for det skapande arbeidet til Bach.

Tilbake